51 ting å gjere på Fresn før du dør
- Gi "røyk" til søskenbarnet til Feilert for så å parkere han i bagasjerommet på caddien
- Tjuvkople det elektriske anlegget, og fóre Berta med straum (ho treng det)
- Spytte flammer, og andre spyttbare element (t.d spytt)
- Legge kabel. Det vere seg straum, vatn, eller berre ordinere ekskrement
- Sove i telt (gjerne i lag med nokon du liker, eller berre for å ete pølse)
- Røre ved bar hud
- Designe t-skjorte
- Prente t-skjorter
- Selje t-skjorter
- Fortelje dei andre at du også kjem til å lage t-skjorte neste år
- Laga andre rekvisittar, og følgje punkt 7-10, berre med andre produkt enn t-skjorter...
- La GPSen navigere deg frå Fresn og heim.
- La Gunnar navigere deg frå Fresn og heim
- La Gunnar fortelje ein ting eller to, om ein ting eller to. Han kan det nok
- Spørje Gunnar om kor det eigenleg var han fann stikkebagen
- Humre over det faktum at du allereie visste at svaret var: Under podiet
- Løyse ein knute, ei gåte eller eit kryssord
- Bli full
- Få hangover (bakskjetfyllja, for lesarar frå Sandane og omegn)
- Bli full ein gong til
- Eller ta seg ein vørter
- Bygge naturdass
- Bygge scene
- Plante bygg og havre
- Bygge steinovn og lage "ekte Italiensk pizza"! (gsus)
- Skade eit lem, eller reise til Lem og tilbake
- Ro ein gummibåt frå campen og ned til vatnet (NB! Det vil sei på gras og asfalt)
- Bære gummibåten oppatt til campen
- Konstatere at gummibåt eigentleg var meir stas når ein var 8 og skulle berre ro i vatn
- Ta det med ro
- Vere hovudårsaken til at Fresvik opprettar eige policesquad
- Vere den som tilkallar desse
- Bli arrestert av nyoppretta "Fresvik Police Squad", og tilbringe resten av tida i hjå dei
- Arbeide for leiinga
- Innsjå at leiinga er ein gjeng med slavedrivande fascistar
- Innsjå at det blir ikkje Fresn utan leiinga, og bite tennene saman
- Få vondt i tennene på grunn av samanbitinga som arbeidet for leiinga medførte
- Tenke: Kven er eg? Kva gjer eg her? Ville Trygve Apalset respektert meg for dette?
- Tenke: Kven i helsike er Trygve Apalset?
- Køyre båt frå nærliggande metropolar (t.d. Frønningen)
-
Spele i band, gjerne i Vulva
- Vere publikum, gjerne naken
- Få ein idé
- Forkaste ideen
- Få ein ny idé
- Utføre sistnemnde
- Ete mat (dette bør du gjere fleire gonger)
- Bytte namn.
- Bytte attende til ditt opphavleg namn.
- Lese Fresn Daily
- og, vitje www.fresn.com (om du framleis lever når Fresvik får WLAN)
Listemakar: Joachim Laberg
Publisert 17.04.2006
Attende til artikkeloversikta ...gå til toppen av sida