Festival = moralpause. Dette er noko vi ikkje har tenkt å nekta for. Når det er sagt, er det ikkje noko i vegen for at vi medan vi siste helga i juli er vilt opptekne med å leva ut det som i alle andre settingar ville vera å sjå som skøytelaus omgang med sosiale konvensjonar, kan utarbeida noko som, i mangel av eit betre begrep, kan kallast ein moral. Eller for vår del; ein festivalmoral. Mange vil sikkert imøtegå dagen då moral har noko som helst med Fres Festival å gjera med ei blanding av skrekk og sorg. Men frykt ei, dette er nok berre fordi eit ord som "moral" ber med seg ein bitter smak av bedehus og peikefingrar, og ver trygg, det vil verte lite av dét på årets Fres. Det var nettopp det som var meint med overskrifta "Festival = moralpause"; ein pause frå det som i daglegtalen vert referert til som moral. Det skal med andre ord verte ei helg heilt utanom det vanlege siste helga i juli det Reidars år 2007.
Det kan med dette sjå ut til at Fres Festival er eit spatiotemporalt område der rett og gale ikkje eksisterar. Vi gav jo trass alt langhelg til moralen i avsnittet over, og utan moral, vil mange seia, er det heller ikkje noko som heiter rett og gale. Forlokkande som dette enn må høyrast ut, det vil nok diverre ikkje duge i det lengre løp. Mange vil her kanskje stoppa opp å lura på korleis det er mogleg å snakka om "det lengre løp" i løpet ev ei einskilt helg. Dei om det.
No som vi har kvitta oss med moralen som verkar til dagleg er det på tide å finne på vår eigen. Moglegheitene er mange, men vi skal no cut to the chase og rett og slett gå for ei kantiansk radbrekking. Det vil med andre ord sei at vi går for ein pliktetikk. Ja, forresten, etikk er jo som kjent læra eller vitskapen om moral, og moral er det som vedkjem rett og gale. Eg tek disposisjonsmessig sjølvkritikk for ikkje å ha introdusert dette omgrepet på eit tidlegare stadium. Nuvel. Nok ein gang, plikt er og eit ord få eller ingen vil høyre i same setning som gla'arrangementet Fres Festival. Dette tykkjer vi og høyres ut ein plausibel påstand. Vi vil difor sløyfe ordet pliktetikk og erstatta det med det langt meir passande og joviale festivaletikk.
Vi har no etablert namnet på den etiske teorien som ligg til grunn for vår festivalmoral, nemleg festivaletikk. Det finst sjølvsagt fleire etiske teoriar ein kan legga til grunn når ein skal laga seg ein festivalmoral, til dømes festivalteleologisk etikk, klassisk festivalutilitarisme, festivalverdihedonisme eller festivalpreferanseutilitarisme, men å gå inn på desse teoriane og samanlikne med vår festivaletikk fell under eit anna fagfelt, nemleg metafestivaletikk, eit fagfelt vi ved denne korsvegen skal late ligge.
Etter å ha etablert namnet på vår etiske teori, kan vi no gå vidare til å finna dei etiske verktøy ein må nytta når ein skal avseia ein festivalmoralsk dom, det vil seia å avgjera kva som er festivalrett og/eller festivalgale. Ein slags moraletisk workshop om du vil. For vår del skal vi etablera to festivalmoralske lover som vi kan nytta når vi skal avgjera rett og gale. Til grunn for vår festivalmoralske lov ligg det festivalkategoriske imperativ. Dette imperativet kan formulerast på fleire måtar, vi skal nøya oss med dei to mest kjende formuleringane. Den første vert gjerne kalla universalfestivallovsformuleringa (UFF), og den går som følgjer: Du skal alltid handla ut frå eit prinsipp som er slik at du samstundes skal kunne ville at prinsippet skal verte ei universal festivallov.
Men kva inneber dette kursiverte mikkmakket eigentleg? Jauv, det inneber at ei handling er festivalmoralsk god dersom den som utfører handlinga samtidig vil at prinsippet han/ho la til grunn for handlinga skal verte ei universal festivallov, det vil seia, at den skal gjelde for alle festivaldeltakarar. Lat oss sjå på eit døme henta frå praxis; du står ovanfor eit val, du må pissa. Du kan velje å (H1) pissa i/på naboen sitt telt, eller ein kan (H2) pissa i biodassen eller i den fiffige heimelaga urinalen med utsikt like til den fjerntfunklande og høgt utdanna Syrstrondsbygdi. Kva er det festivalmoralsk rette å gjera i ein slik situasjon? Lat oss testa handlingsval (H1) "å pissa i/på naboen sitt telt" opp mot universalfestivallovsformuleringa (UFF) og med det finne ut om det er ei festivalmoralsk god eller rett handling. Når du pissar i/på naboen sitt telt, handlar du ut frå prinsippet p: dersom eg må pissa, vil eg gjere det i/på naboen sitt telt. Spørsmålet ein som må stilla seg er: er prinsippet p: dersom eg må pissa, vil eg gjera det i/på naboen sitt telt, eit prinsipp som er slik at ein kan villa at det skal verte ei universal festivallov, det vil seia, gjelde for alle festivaldeltakarar? Eg trur dette er eit spørsmål bortimot alle vil svara nei på, med tanke på dei enorme mengdene med uønska urin dette vil medføra på og inni telta til folk. Vi ser dermed at handlingsval (H1) "å pissa i/på naboen sitt telt" er ei FESTIVALUMORALSK handling. Moralen til dette avsnittet vert dermed: "Ikkje piss i/på naboen sitt telt."
Etter å ha vist at handlingsval (H1) er ei festivalmoralsk gal handling, lat oss no heller sjå på handlingsval (H2): "å pissa i biodassen eller i den fiffige urinalen med utsikt like til den fjerntfunklande og høgt utadanna Syrstrondsbygdi". Som i avsnittet over må vi testa om prinsippet vi handlar ut frå er slik at vi kan villa at det skal verte ei universal festivallov, jamfør UFF. Denne gongen handlar vi ut frå prinsippet p´: dersom eg må pissa, so vil eg gjere det i biodassen eller i den fiffige urinalen med utsikt like til den fjerntfunklande og høgt utdanna Syrstrondsbygdi. Vi spør igjen, kan ein ville at prinsippet p´, sitert over, er slik at ein kan ville at det skal verte ei universal festivallov, det vil seia, gjelde for alle festivaldeltakarar? I dette tilfellet trur eg bortimot alle kan gje eit positivt svar, eit ja. Vi har dermed etablert handlingsval (H2) som ei festivaletisk rett eller om du vil god handling, og moralen med dette avsnittet vert dermed: "Piss heller i biodassen eller i den fiffige urinalen [enn i/på naboen sitt telt]."
Med dette har vi fått eit etisk verktøy til å skilje rett frå gale med. Men vi skal presentera eitt til, nemleg det som er den andre formuleringa av det festivalkategoriske imperativ; festivalhumanitetsformuleringa (FHF). Den går som følgjer: Du skal aldri behandla ein person som berre eit middel, men alltid som ein festivaldeltakar i seg sjølv. Og kva inneber dette? Det inneber til dømes at dersom du av ein eller annan grunn kunne tenka deg å sova (what gives??), men ikkje har sytt for å ta med deg liggeunderlag, vel å nytta ein av dine medfestivaldeltakarar, so har du nytta denne festivaldeltakaren blott som eit middel til eiga soving, og ikkje som ein festivaldeltakar i seg sjølv. Å nytta ein festivaldeltakar som madrass vert dermed ei festivaletisk gal handling. Og moralen; "Ikkje bruk din medfestivaldeltakar som madrass."
So der har de det; Fres Festival, landets einaste festival med eigen moral! Vel møtt!
Festivalfilosof: Håvard Ese Eliassen
e-post: havard.ese.eliassen@fresn.com
Publisert 13.06.2007