Artistar!

Kids In The Heat

Kids In The Heat

Direkte frå, ja kven veit eigentleg, kjem Kids in the Heat for å ta deg med på ei puddelreise attende til 1986. Med høg allsangfaktor og glamudyret Jocko, mannen som med sitt Jan Thomas-skjegg og veldefinerte overkropp får han gjøken i WigWam til å verke like glamorøs som eit offentleg toalett, i spissen kjem dette til å verte vill partystemning. Faren for at Kids in the Heat dreg fram stadionriff på stadionriff er overhengande når Kids in the Heat for første gong står på ei scene i Fresvik. Ninjas of Glam Metal!! Go Wildcats etc!!
Sjekk ut Myspacen deira her: www.myspace.com/kidsintheheat

Roadkill

Roadkill

Endlege attende på Fres si mektige hovudscene. Roadkill var med oss i fjor og, men då «berre» i ein nedstrippa versjon på campstage. Dei røynde blant festivalgjengarar i blant oss hugsar heilt sikkert Fres 2006, då Roadkill leverte stilsikkert frå det som den gong var hovudscena. Fres Festival ønskjer James, Betty, Suzie og E-Elmer god tur frå Missisippi, California (?) og hjarteleg velkomne attende til Fresvik, der dei skal få lov til skjemma vekk Frespublikumet med støvete redneckrock med full testilkkelgaranti.
Kolla Myspacen deira her www.myspace.com/roadkilldx

Eliminova

Eliminova

Heilfrekk trioprog frå innaføre, eller som dei sjølve likar å presisera det; Eliminova is a progressive rock band from Sogndal, Norway. Ja, vi skal vel ikkje krangla på det. Det som er heva over tvil er i alle fall at det vert febrilsk einarleiting når Eliminiova entrar scena på Skausgarden. Vi gledar oss i fleng!
Span Myspace her www.myspace.com/eliminova

Kaos-Martin

Kaosgenerator

Direkte inne frå det fertile pønkemilieuet på Systrond! Kaosgenerator spelar pønk med stor Ø! Kaosgenerator er so garasjete at det vanlegvis sprutar fastnøklar (hovudsakleg 10 og 12), skrutrekkarar og trimsett ut av PA og backline når dei dreg på. Dette er med andre ord ikkje noko for fjes som likar Minor Majority, then again, det er det jo ingen som gjer. Ævvdønn leiiar an! Bring your own riot gear! Les meir i Nyhende.

Genianalus

Genianalus

Genianalus har sendt inn presseskriv til Fres Festival. Det var lurt av dei, og her kjem det:
Sogn og Fjordane punk på sitt mest seriøse, eigentleg ikkje meir og sei, permanent!!! Bandet skal, etter krav frå ein anonym medlem i studio sommaren 08 for å lage oppfølgjaren til det spellemannsnominerte første albumet «God Damn Motherfucker». Musikken handlar fortsatt om kjærleik, lange turar på stranda i måneskinnet, 14 år gamle transvesittar og ellers det som rører seg i underliv. Dette blir Genianalus første konsert på over 1 år og gutane tykkjer Fresn er stas, så for å gjere konserten spesiell, vil dei i tilegg til å spele nye sangar, covre dei 14 første Frank Zappa albuma i sin heilheit.
Ta ein tur innom Genispacen eller sjekk ut heimesida deira her: www.genianalus.com

Monica Eide

Monica Eide

Monica Eide kjem like frå Bergen, eller like i nærlieken, med ein koffert full av akustisk so vel som melodramatisk, men likevel populær folk! Dette vert storveges!
Ta ein tur innom Myspacen til Monica her: www.myspace.com/monicaeide

The Generous Days

The Generous Days

Same shit, new wrapping! Med nytt namn, kven gløymer vel popbandet Automobil frå i fjor, er desse joviale gutane attende med smektande poplåtar som kjem til å matcha sommarsola i Fresvik perfekt. The Generous Days kjem til Fresvik meir eller mindre direkte frå Liverpool so vel som Luster for å overøsa den sommarstemde publiken med lekre melodiar og blomstrete refreng! Ta med paraplydrink!
Sjekk ut The Geneous Space her www.myspace.com/thegenerousdays

band

Rubini

Endeleg på ei scene i Fresvik! Rubini, med ein vaskekte Fresvikje i rekkene! Ingen ringare enn Kai Kjartan Høgberg, kjent frå mellom anna rockebandet Atoll, tek med seg sitt nye band heimatt for å verte profet i eige land, og for å behaga det godt vande Frespublikumet. Dette vert heilfrekt!

Lyst til å spele på Fresn? Bookingavdelinga kan nåast på booking@fresn.com.