Fresn — no og med state of the art sanitæranlegg
July 21st, 2008Damer og herrar, vi har fått to stykk alvorleg digre dassar inn på området. Dette er verken dei tidlegare åras så primitive (men sjarmerande) plank-med-hol-løysinga eller flimsy velte-ferdige plastdassar som ein kan finne på mindre kredible nybyrjarfestivalar kring landet. Dette er seriøse, stabile, vintage dassar med stor kapasitet og av ypparste kvalitet.
Siggen og Jon henta dassane i Førde på søndag, og etter ei strabasiøs ferd kom Siggen køyrande inn på tunet ved midnatt i ein lastebil med løftekran og dei to nemnde sanitæranlegga på planet. Sjå biletet og gled dykk til å føre av.
Kvinnfolk til gards
July 16th, 2008I dag vart eg vekt av ein telefon frå Trygg Rygg Bygg, som kunne melde om at han stikk ein tur innom Skau på fredag. Han kjem med noko byggeplast og ein stor dose ingeniørfagleg kompetanse. Då skal vi utvide scena. I følgje Ryggen kjem dette til å ta omlag ein time. Av anna nytt kan eg melde om at:
- LT og eg tok ein tur på bui, som kanskje kan halde ope til klokka 1500 på laurdag.
- T-skjorter skal gå i trykken neste veke, takk til bl.a. Øyrehagen, Ryggen og diverse andre.
Det var den arbeidsdagen. HES og Kristin kom innom akkurat i tide til å rekkje ein øl før vi reiser ned til Reidar på hjortelår-middag. Dette vert stas.
Kva skjer på Skau?
July 14th, 2008Dei siste dagane har frestivalleiinga hatt fokus på tryggleik — mellom anna knytt til straumforsyninga. Vi har fått god hjelp av lokale krefter, og har i dag fått beskjed om at material er bestilt. Meir er det ikkje å seie om den saka.
Elles har vi vore opptekne av eit nytt, superhemmeleg prosjekt, Bulb Commander™. Alt vil bli forklart grundigare når vi får lagt opp dei nye bulb commander-nettsidene.
Ein blog for bloggen si skuld
July 10th, 2008Førebuingane til den vidgjetne festivalen har i dag vore langt over middels. 9 stk scenebarrikadar har vorte frakta Sogndal - Fresvik (via Hella - Vangsnes), og diverse andre prosjekt er under oppsegling. Gunnar (betre kjend som Senior Consultant) kom til Skau godt over midnatt, etter å ha forklart fresaktuelle artistar korleis trommestikkene skal svingast. Per Christian Grov (AKA “The Generous Grov”) har akkurat krøpe til køys, og det trur eg er ein god ide. 2 veker igjen and counting. Dette blir legendarisk.
Miljø - ven eller vern?
July 10th, 2008Skal du arrangere festival, så er det semje kring faktumet at du må sleppe ut litt CO2. Dette har me prøvd oss på i løpet av dagen, og me føler at me stort sett har lukkast med det.
Køyrer du Polo og Caddy er det likevel vanskeleg å forsvare CO2-utsleppet sitt, det blir for lite rett og slett




