Flopperock

June 30th, 2008 by Gunnar

Musikkentusiast Atle Hamar har synspunkt på festivalar i Sogn og Fjordane, og meiner at 1800 folk på Glopperock er latterleg få, med tanke på at dei serverer godbitar som Madrugada og Big Bang. Han seier ein annan stad at ein har for mange festivalar. Kanskje det heller er for mange festivalar med Big Bang og Madrugada? Viss du vil høyre noko nytt får du heller ta turen til Fres Festival i Fresvik…

Vinnaren of Jons Mysterier

May 19th, 2008 by Jocko

Mange kjenner no til Jon Jansen. Den trench-coat kledde private etterforskaren som dei siste åra har blitt eit symbol på rettferd – og det heilt utan boikott av Coca Cola eller import av rettferdig kaffi (ei heller boikottar han drikking av det kjende kaffibønneslaget ”urettferdig”).

Ja då, Jon har utmerka seg. Til dømes redda han livet til Fresn-leiinga då dei var forgifta av tofu, og no i vinter avslørte han Mingdrage-mysteriet alt før Hercule Poirot hadde fått svelga første skeia av sin Crem de la Bruchelaut.

Men, det største mysteriet av dei alle er likevel: Kven var fyrst ute med på løyse årets påskekrim? No skulle i grunn vinnaren blitt presentret i denne setninga, men slik vert det likevel ikkje. Eg skal nemleg vera litt meta, og kunngjer med dette at vinnaren av Jons Mysteriere 2008 blir kunngjort i eit mini-mysterium som vil bli publisert i juni!

- Jocko

Hard kritikk mot Fresn

May 16th, 2008 by Gunnar

Ein kar som «brenn for bordhockey» har sausa saman ein bloggpost der han rangerer festivalane i trivselsfylket. Han gjev Fresn sisteplass, saman med Fotballflora i Sunnfjord.

Ingve Lende: Festivalsommar

Han seier bl.a. at det er ein «festival for festivalen si skuld». Som jo er betre enn å f.eks. ha ein festival for mor di si skuld.

P.S. Støtt Vadheim.

Frescast #7 2008

May 12th, 2008 by Gunnar

Nok ein lang episode frå podcastsendarane som dei er. Nummer sju i år.

http://radio.fresn.com/podcast/fresn_2008_ep7.mp3

Frescast #6 2008

May 5th, 2008 by Gunnar

Frescastgjengen sler no sine eigne rekordar, med fleire publiserte sendingar enn i fjor. Og vi har jinglar. Har eg nemnt dette før??

 http://radio.fresn.com/podcast/fresn_2008_ep6.mp3

Frescast #5 2008

April 28th, 2008 by Gunnar

Podcastgjengen har spelt inn årets femte podcast. Denne er lang, over 30 minutt med sweet radiotid for deg og dine.

 http://radio.fresn.com/podcast/fresn_2008_ep5.mp3