Grafisk snikksnakk del 1
Wednesday, November 15th, 2006Eg kom visst til å slette posten min. DETTE HADDE IKKJE SKJEDD OM WORDPRESS VAR LAGA AV ADOBE!
fnis…
Eg kom visst til å slette posten min. DETTE HADDE IKKJE SKJEDD OM WORDPRESS VAR LAGA AV ADOBE!
fnis…
Det er lita tvil om at Fresn, i tillegg til å ha ein overordna kosmopolitisk identitet, også har ei jordnær, lokal forankring i den regionen vi gjerne kallar Sogn, Indre. Statusen qua kulturberarar som Fres festival gjev inneber også ansvar. Gjennom konstruktiv kritikk freistar vi difor å attreise det vi, med utgangspunkt i Jürgen Habermas sin terminologi, kan kalle eine regionaler Öffentlichkeit for Sogn. Eit naturleg element i dette prosjektet er å peike ut undertrykkjande samfunnsstrukturar som tappar lokalsamfunnet for funksjonar som arena for danning av sosial og kulturell kapital. Vi vil difor rope eit stort varsko og vise til det brennheite oppropet «julebrusaksjonen».
Medan vi ventar på neste juli ser eg ingen grunn til ikkje å føkka ein del med tid-rom kontinuiteten. Vi skal foreta ei tidsreise. Ikkje ei tantete tidsreise av NRK “no-set-vi-oss-i-tidsmaskina” varianten, men ei skikkeleg ei.
I utgangspunktet burde dette væra såre enkelt. Ei tidsreise liknar eigentleg ein heil del på ei vanleg reise, sei frå Leikanger til Fresvik. Men om vi skal kunna kalle de ei tidsreise må vi kunna sei at vi må reisa frå tid til tid heller enn frå stad til stad. Løysinga vert dermed såre enkel.
Tida ei reise tek er tida som er mellom avgang og ankomst. Denne tida vert av Oslo Sporvegars www.trafikanten.no kalla “reisetid”. Når vi reiser i tid reiser vi enten lenger eller kortare (i tid) enn tida som er mellom avgang og ankomst. Vi må reisa frå A til B og bruka enten meir eller mindre tid enn det tek å koma seg frå A til B, lenger eller kortare enn “reisetida” altso. Når vi er tidsreisande er tida mellom avgang Leikanger og ankomst Fresvik ikkje like lang eller kort som den tida reisa tek. Sei at det tek ein time å komma seg frå Leikanger til Fresvik. Eg veit mange har noko å sei om nøyaktigheita av dette forslaget, men lat oss for enkelheits skuld sei at det stemmer at det tek ein time frå Leikanger til Fresvik. Brukar vi midre enn ein time har vi reist inn i fortida, brukar vi meir har vi reist inn i framtida. Døme: vi reiser frå Leikanger kl 15:00. Vanlegvis ville vi være framme i Fresvik kl 16:00, men vi er tidsreisande og unnagjer reisa på 20 min og er framme kl 15:20 i staden. Vi har dermed reist 40 min tilbake i tid. Makes sense dunnit??
God helg!
(flisespikkarar frå fjern og nær vi kankskje innvende at det mandag i dag og dermed ikkje helg. desse kan sjå ovanfor)
Håvard
For dei som lurer på kvar vi har gjort av LT, kan vi opplyse om at vi har lagt han forsvarleg i ei pappøskje, teipa ho godt att og stua ho vekk i kjellaren på Skausgarden.
Alternativt kan det vere at han er den einaste av oss som har ein ærleg jobb å gå til no for tida.

Eg ventar på hamburgaren min. Det er ulideleg. Oi, her kjem den visst. No vart eg glad. Eigentleg skulle eg ha ete farsekebab. Det er jo Farsdag.

Vel heim!
Håvard
No har det angiveleg skjedd på nytt. Eg anar ikkje korleis, men nok ein gang vert det rapportert om sokalla PC sightings i norsk media. Det vert hevda at det er snakk om at det er ein pågåande debatt om at det endå ikkje er oppnådd ein konsensus om det vert spekulert i at ein Per Chrisitan Grov frå Lærdal, og kjent som medlem av den agile leiinga i Fres Festival, syner frekkheit på tv om dagen.
Det er altso ikkje i Nevada det er gjort observasjonar, men heller på NRK i beste sendetid fredagskvalden. Som spontanabortert ut av Dan Browns livmor har unge lovgivande Grov blitt observert av falkeblikk landet rundt. Arg! Om berre den gravande avdelinga av Nyhende redaksjonen hadde vore her so kunne vi ein gang für die ganze fått oppklart kva som eigentleg går føre seg. Men akk, dei er jo på tur med individliberalisten Stig Amadeus deLange og kjem ikkje attende før på nyaaret. Nuvel… Som vi seier i leiinga - du kan sei mangt og mykje om eit H2O molekyl, men vått er det ikkje.
God Helg
Håvard