Eg ventar på hamburgaren min. Det er ulideleg. Oi, her kjem den visst. No vart eg glad. Eigentleg skulle eg ha ete farsekebab. Det er jo Farsdag.

Vel heim!
Håvard
This entry was posted
on Sunday, November 12th, 2006 at 4:54 pm and is filed under Uncategorized.
You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed.
Both comments and pings are currently closed.
November 13th, 2006 at 12:32 am
Det er vel kanskje den eklaste hamburgaren eg har sett.. Er det syltetøy inni? Hadde litt samme farge som mange sneglar har. Eg veit ikkje.
November 13th, 2006 at 10:30 pm
Oisann. Her har vi vore litt raske i blogge-vendinga, ja. Alltid hugs å legge “description” til bilda, ellers vert koden valid, og vi vil vel ikkje skjemme oss ut med invalid kode, vil vi, vel? Jaja, no er det retta på, og så gløymer vi det ikkje til neste gong…
November 13th, 2006 at 10:57 pm
ke i helsevesenet e “description?? og kva i alle meinar du med denne setninga: Alltid hugs å legge “description” til bilda, ellers vert koden valid, og vi vil vel ikkje skjemme oss ut med invalid kode, vil vi, vel? ?? og kvar er det vorte av hamburgarbiletet?
håvis
November 14th, 2006 at 10:08 pm
La meg sjå no - spørsmålet ditt har tre deler:
1. Kva er description?
2. Kva meiner eg med setninga «Alltid hugs […] vil vi, vel?»?
3. Kvar har det vorte av hamburgarbiletet?
Ad 1: Description, eller «image description» er noko ein kan legge til når ein set inn bilete i WordPress. I (x)html-språk er det kalla «alt tag». Dersom denne tag-en ikkje er der, vert ikkje semantikken godkjend som valid kode etter world wide web consortium sine krav.
Ad 2: Den setninga var ikkje gyldig. Altså invalid. Det eg meinte å seie var sjølvsagt: «Alltid hugs å legge ‘description’ til bilda, ellers vert koden invalid, og vi vil vel ikkje skjemme oss ut med invalid kode, vil vi, vel?». Sjå punkt 1. Ein valid kode har a) ein fordel ved å gjere innhaldet lettare attkjend av søkjemotorar, nettlesarar osb. (til fleire ikkje-valide frasar, til større fare for at sida vert vist feil) og b) ein ibuande verdi. Eg trudde faktisk at det var noko feil i koden som gjorde at biletet ikkje var der når eg gjekk inn på sida.
Ad 3: Hamburgarbiletet syner mystiske eigenskapar. Det viser seg berre dersom ein tidlegare har sett det i sin opphavlege samanheng. Eg trakk nok litt for raske slutningar om min eigen internett-kompetanse i går (sjå punkt 2). Nokon må legge seg langflate, og nokon, det er meg.
Gunnar