Archive for the 'Fres 2007' Category

Takk for Fres

Friday, August 3rd, 2007

Det skal lett innrømmast at blogginga og generell oppdatering av nettsidene svikta noko dagane før, under og etter festivalen. Dette skuldast i all hovudsak at Fresn gradvis flytta seg frå å vere ei side på cyberspace (www.fresn.com) til å bli ein ekte festival i kjøt og blod.

Vi har brukt dei siste dagane på opprydding, og fresnleiinga skal no gå inn i seg sjølv, oppsummere og vurdere og sjå fram mot ein eventuell ny festival neste år. Delar av nettsidene kjem sannsynlegvis til å verte lagde på is ei stund framover, men vi vonar folk vil komme med innspel på foruma og andre nettstadar (som til dømes myspace, facebook, underskog, youtube og whatnot).

Vi vonar også at folk som har gode bilde dei har lyst til å dele kan sende oss dei (til dømes til gunnar.webmaster@fresn.com), så vi får lagt ut eitt eller fleire galleri frå årets festival på sidene.

God Fres = Trygg Fres

Orging

Tuesday, July 24th, 2007

Tysdag har vore ein dag med mykje telefonisk kontakt og logistisk arbeid.

Den store scenedagen

Tuesday, July 24th, 2007

Mandag var den store scenedagen, då scenegolvet vart løfta opp på den spesialtilpassa ramma. Den store strongman-konkurransen vart vunne av Torjus, som løfta eit hjørne åleine. Til hjelp hadde vi traktoren og ein god dose kløkt.

Festivalmannemann Robert Borlaug kom seinare på kvelden og approberte løysinga. Det heile vart feira med eit hamburgarmåltid det kjem til å gå gjetord om i Fresvik i fleire veker.

 Fres ut for i kveld.

Braksuksess

Sunday, July 22nd, 2007

Som ei oppfølging av gårsdagens blogging: Kafeen i Fresvik er ein bortgøymd oase. Leiinga og festivalsveisar vart møtt med ein overstrøymande varme frå serveringspersonale, lokale bebuarar og feriegjester. Reidar møtte sjølvsagt opp, og vi kunne returnere til Skau med nytt pågangsmot og nye kjennskapar.

 I dag (søndag) har vi i hovudsak teke det med ro. Det var sett opp ein dugnad klokka fire, men ferieavviklinga i festivalleiinga gjorde at denne ikkje vart vidare effektiv.

Dagane er so korte her i Fresvik

Saturday, July 21st, 2007

Det rann av dag og av røv, laurdag 21. Juli i det Reidars år 2007, moglegheitene var mange og ansikta fleire. Leiinga hadde mykje og mangt å henga fingrane i, men øpst på programmet stod bygging av scena! Etter å ha blitt hooka opp monsterkubbe style, var håpet no på topp i leiinga. – Her skal det verte ei helsevesenets scene, sa PC, han hadde ting i fjes denne dagen.

Etter mykje vatring, snikring, saging banning et cetra kom da omsider på plass eit rammeverk ulikt noko anna rammeverk nokon gong bevitna av nokon person nokon plass. Etter det vart leiinga einige om å unngå ordet ”nokon”.

Etter ein hard dags jobb sette leiinga seg so ned og tok ein velfortent pilsner type lys. Dei fekk etterkvart besøk av ingeniør og all round good guy Robert Borlaug. Han mønstra på ein veltrent overkropp og ein heil del pils. So gjekk dei ut på byn i Fresvik. Leiinga har planar om å vanhelliga kviledagen vert det sagt…

Per på sagi

Friday, July 20th, 2007

Etter mykje intens design og tankeverksemd rundt den nye sceneløysinga, vart det grilling av hamburgarar. Før vi, på telex på systrond, fekk tips om Per på sagi. Vi tok høvesvis tidleg kontakt med den omtalte Per (type sagi). Det viste seg at han var meir villig enn [name deleted], kva sponsing angår, og etter ein lang køyretur fekk vi tilgang til eit slags paradis av plank.

Vel attende på Skau, vart det ein del saging og snikring. Motorisk, så vel som manuelt.

motorsaging