Archive for the 'fresdesign' Category

Endeleg relanserte nettsider

Friday, March 7th, 2008

Pina, det tok si tid, men endeleg klarte vi å trykke ut av oss dei nye sidene. Og med dette er det duka for web 2.0-aktig lukkerus og livleg nettdebatt.

Ei nettside som fresn.com er — først og fremst — dynamisk og alltid i utvikling. Difor er det nokre sider som for tida ligg brakke. Dette gjeld i første rekkjer bildegalleriet, som ventar på ei dramatisk overhaling. I mellomtida kan ein kose seg med aproposbilde som t.d. det under, som skal seie noko om at det gjekk så lang tid før nettsidene vart publiserte at nokre folk sovna (eller gjorde kva det enn no er denne mannen gjer der han ligg på sofaen):

Torjus

Oppdatering schmoppdatering

Thursday, February 14th, 2008

 Publikum, kollegaer, fans

 Arbeidet med den nye sida er i gang, kanskje med litt mindre momentum enn vi hadde sett føre oss i utgangspunktet. Det kjem nok difor til å gå minst ei veke til før vi har noko linknande ei skikkeleg vevside på beina. Til alle de der ute som no surmular og har meiningar om dette og hint, har vi ei klar melding ut frå IT-avdelinga og Fresvik Says: «Prøv å gjere det sjølv, for i h******, så skal vi sjå kor fort det går.»

 Så, tenkjer de, kva skal vi gjere no? Skal vi sitje ved datamaskina og trykke F5-tasten på fresn.com til vi blir blåe i trynet (eller eple-avocado-tasten for mac-folket sin del)? Nei. Vi skal gi dykk nokre saftige linkar å tyggje på i ventetida:

#1 Ein artikkel frå BT avslører «Den andre sida av Sogn og Fjordane» frå Oslo Fashion Week. Trivselsfylket får den noko sjølvmotseiande merkelappen  «ung, urban og trendy» (sjølvmotseiande, fordi folk som brukar ord som «trendy» sjeldan er det). Vi trur likevel på BT, ikkje minst fordi Knut Henning  Grepstad, ven av Fresn og moteekspert, har ei eller anna Rasputin-aktig rolle i skuggane av dette showet. Med Greppen sin sylskarpe analyse av moteshowet, kan vi ikkje anna enn å applaudere tiltaket:

– Kolleksjonen er frisk og nyskapande, og høver både til fritid og fest. Dette vil slå godt an både hos menn og kvinner.

#2 Støtt Vadheim!

Det var alt for denne gong, vi sjåast snart. Eg lovar.

Buzzword 2.0 i pipeline (kva skjer med fresn.com)

Wednesday, January 30th, 2008

IT-avdelinga, Fresvik Says (a.k.a. Fres Grafisk) og Nyhende vil med dette annonsere lansering av nye websider medio/ultimo februari. Avdelingane har no låst seg inne i IT-utviklingslaboratoriumet på Skaussgarden (sjå bilete).

Mainframe

Dei nye sidene skal langt overgå det fresn.com-vitjarane tidlegare har smekta seg med visuelt, redaksjonelt, så vel som eksistensielt.

Vi vil krune relanseringa med både ny podcast og ein ny pamflett i festivalfilosofiserien (som nyss vart tildelt The Golden Demarcation Fork Award frå The Bertrand Russel Center for Excellent Philosophical Research for sitt nybrottsarbeid innan nemnde filosofigrein).

Vi vonar til og med å kunne by dykk på eit rykande ferskt bildegalleri frå Fresn 2007 (noko dei to fystnemnde organ tek gode dosar sjølvkritikk for at ikkje har vorte gjort tidlegare).

For Dyck de Rute er det berre å lene seg attende og vente på den offisielle avdukinga.

Endeleg ny profil

Thursday, February 15th, 2007

…og vi snakkar ikkje bilfelgar her. Nei, vi snakkar om den nye Fresn-heimesida (http://www.fresn.com), som såg dagens lys i kveld i 22:30-tida. På framsida kan den nye spreke logoen - GrooveArt (c) - nytast til fulle.

Du kan også lese ferske nyhende om vår utsendte Afrikamedarbeidar, og sjølvsagt kan du gå til vårt gamle, kjære Forum og diskutere brennheite tema kring musikk, konspirasjonsteoriar og norsk språkpolitikk.

Ein del sider er midlertidig tekne ned for oppfrisking og puss, men vi vonar de snart skal kunne nyte fresn.com til fulle, som den kjelda til infotainment den skal vere.

And lest we forget… Det vert Fres 2007!

Dette var ei melding frå IT-avdelinga.

Tilbake til joggebuksa!

Monday, December 4th, 2006

Eg arbeidar dagleg i grafisk avdeling på HQ, Fresvik City. Kvar dag er lunsjen klokka 11:13, kvar dag kjem posten med bil frå Vik klokka 11:37. Kvifor er alt alltid så presist i Fresvik? Kvifor kan ikkje me, som alle andre bedrifter i smb-markedet seie at lunsjen er sånn i halv tolv-tida, og at posten kjem i lunsjpausen? Det er ikkje det at det irriterar meg så grundig, for punktligheit er jo viktig det, men kor er joggebuksementaliteten? Med det meinar eg, kor er slacket? Når vart me så jævla pedantiske?
Eg skuldar ikkje på nokon, men eg veit at Håvard borte på newsdesken er ein smule hard med deadlines, og at Gunnar på IT har eit usunt forhold til validering, ja med henhold til html, xhtml og php altså. Eg ser sjølv at oss gutta på grafisk til tider kan virke litt kontrollerande på postscript og eps, eg er ikkje redd for bjelken i mitt eige auge.

Det er i etasje 18 at problemet ligg, leiinga, denne massen av erfaring og kompetanse, under leiing av sjølvaste Skau. Det er her me treng kaospilotering, det er her me må rive opp litt i strukturen. Det er leiinga som må seie frå, det er leiinga som atter ein gong må innføre joggebuksementaliteten som me hugsar så godt frå 2005.
“Men me må jo sikre at alt går på skinner, så me ikkje sporar av” ropar feigingane i tredje etasje, der dei sit med statistikkane sine. Jo, fresSB har eit godt poeng, leiar Vormeland Salte skal ha for det. Men var det ikkje nettopp V. Salte som tidlegare i år uttala: “- Utan litt moro blir det ikkje statistikk” ?

Nei, tilbake med frukostkaffien seier eg. Tilbake med samlinga rundt møtebordet i nitida med brainstorming og kaker frå Kafresn! Tilbake med det joviale klapset på rumpa etter endt arbeidsdag! Tilbake med stillstand i Nyhende, uvalidert xhtml og dårleg jpg-komprimering!

VIS OSS DI JOGGEBUKSE OG ME SKAL SEIE DEG KVEN DU ER!

Grafisk snikksnakk del 1

Wednesday, November 15th, 2006

Eg kom visst til å slette posten min. DETTE HADDE IKKJE SKJEDD OM WORDPRESS VAR LAGA AV ADOBE!

fnis…