Archive for the 'Medialt' Category

Flopperock

Monday, June 30th, 2008

Musikkentusiast Atle Hamar har synspunkt på festivalar i Sogn og Fjordane, og meiner at 1800 folk på Glopperock er latterleg få, med tanke på at dei serverer godbitar som Madrugada og Big Bang. Han seier ein annan stad at ein har for mange festivalar. Kanskje det heller er for mange festivalar med Big Bang og Madrugada? Viss du vil høyre noko nytt får du heller ta turen til Fres Festival i Fresvik…

Vinnaren of Jons Mysterier

Monday, May 19th, 2008

Mange kjenner no til Jon Jansen. Den trench-coat kledde private etterforskaren som dei siste åra har blitt eit symbol på rettferd – og det heilt utan boikott av Coca Cola eller import av rettferdig kaffi (ei heller boikottar han drikking av det kjende kaffibønneslaget ”urettferdig”).

Ja då, Jon har utmerka seg. Til dømes redda han livet til Fresn-leiinga då dei var forgifta av tofu, og no i vinter avslørte han Mingdrage-mysteriet alt før Hercule Poirot hadde fått svelga første skeia av sin Crem de la Bruchelaut.

Men, det største mysteriet av dei alle er likevel: Kven var fyrst ute med på løyse årets påskekrim? No skulle i grunn vinnaren blitt presentret i denne setninga, men slik vert det likevel ikkje. Eg skal nemleg vera litt meta, og kunngjer med dette at vinnaren av Jons Mysteriere 2008 blir kunngjort i eit mini-mysterium som vil bli publisert i juni!

- Jocko

Oppdatering — klar melding ut

Tuesday, October 23rd, 2007

Hei, til dykk, alle saman, her er nokre oppdateringar.

Oppdatering #1: Fresløytnant P. Christian Grov var på nasjonal radio og gjorde heiderleg innsats i ein to-timars quiz. Det hendte for nokre veker sidan, på programmet Cruisern.

Oppdatering #2: Statistikkmajor Øyvind Von den Vormeland Salte har nytta sin sylskarpe analytiske kniv (jf Ockam) i ein ny statistikkartikkel. Denne tek føre seg sensitive tema som løn, skatt og sosialdemokratiet.

Medan vi ventar på jul

Tuesday, November 14th, 2006

Det er lita tvil om at Fresn, i tillegg til å ha ein overordna kosmopolitisk identitet, også har ei jordnær, lokal forankring i den regionen vi gjerne kallar Sogn, Indre. Statusen qua kulturberarar som Fres festival gjev inneber også ansvar. Gjennom konstruktiv kritikk freistar vi difor å attreise det vi, med utgangspunkt i Jürgen Habermas sin terminologi, kan kalle eine regionaler Öffentlichkeit for Sogn. Eit naturleg element i dette prosjektet er å peike ut undertrykkjande samfunnsstrukturar som tappar lokalsamfunnet for funksjonar som arena for danning av sosial og kulturell kapital. Vi vil difor rope eit stort varsko og vise til det brennheite oppropet «julebrusaksjonen».

I statskanalen seier du?

Tuesday, November 7th, 2006

No har det angiveleg skjedd på nytt. Eg anar ikkje korleis, men nok ein gang vert det rapportert om sokalla PC sightings i norsk media. Det vert hevda at det er snakk om at det er ein pågåande debatt om at det endå ikkje er oppnådd ein konsensus om det vert spekulert i at ein Per Chrisitan Grov frå Lærdal, og kjent som medlem av den agile leiinga i Fres Festival, syner frekkheit på tv om dagen.
Det er altso ikkje i Nevada det er gjort observasjonar, men heller på NRK i beste sendetid fredagskvalden. Som spontanabortert ut av Dan Browns livmor har unge lovgivande Grov blitt observert av falkeblikk landet rundt. Arg! Om berre den gravande avdelinga av Nyhende redaksjonen hadde vore her so kunne vi ein gang für die ganze fått oppklart kva som eigentleg går føre seg. Men akk, dei er jo på tur med individliberalisten Stig Amadeus deLange og kjem ikkje attende før på nyaaret. Nuvel… Som vi seier i leiinga - du kan sei mangt og mykje om eit H2O molekyl, men vått er det ikkje.

God Helg

Håvard

Eg og!

Thursday, November 2nd, 2006

Jess. No kan eg og blogga. Eigentleg hadde eg tenkt å ta lærdom av Tor(vil du ha ein)jus(?) Lundevall sin blogg, nemleg at blogging er noko ein rett og slett ikkje driv med. Anyhoo, eg er ikkje ein fast learner, so då vert det vel litt blogging lell. Eg trur eg kjem til å kalla den Blogt. God helg

håvard