Frescast #4 2008
April 21st, 2008 by GunnarDudes, for fjerde veke på rad leverer vi podcastane som avtala. Det er fordi Fresn er den ekte avtalen.
Dudes, for fjerde veke på rad leverer vi podcastane som avtala. Det er fordi Fresn er den ekte avtalen.
Hei på deg igjen, din podcastnedlastar som du er. RadioFres har kokt saman eit herremåltid av ein podcastepisode denne veka.
I denne, den andre frescasten i 2008, vert det arbeida litt vidare på novella, Håvard introduserer eit nytt segment - «Leve med eller lukte på?» og det regjerer generelt god stemning i studio.
Sjekk ut Tim Fancy sine sider på urørt. Her snakkar vi produksjon (for ikkje å seie flotte låtar og bra speling.)
Pina, det tok si tid, men endeleg klarte vi å trykke ut av oss dei nye sidene. Og med dette er det duka for web 2.0-aktig lukkerus og livleg nettdebatt.
Ei nettside som fresn.com er — først og fremst — dynamisk og alltid i utvikling. Difor er det nokre sider som for tida ligg brakke. Dette gjeld i første rekkjer bildegalleriet, som ventar på ei dramatisk overhaling. I mellomtida kan ein kose seg med aproposbilde som t.d. det under, som skal seie noko om at det gjekk så lang tid før nettsidene vart publiserte at nokre folk sovna (eller gjorde kva det enn no er denne mannen gjer der han ligg på sofaen):