Feed

Fres dåt kom tilbyr feed for fleire av vevsidene. Dersom du skal ha sjanse til å henge med i den rivande mediale utviklinga, er dette noko du må få inn under huda. IT-avdelinga har dei siste månadane avdekkja ei utbreidd teknologifrykt blant brukarane av tenestene. Difor -- eit lynkurs (ingen skal seie at Fres festival ikkje tek si rolle som oppdragar seriøst):

Feed?

Ein web feed (også kalla «infokanal») er ein måte å halde brukarar jamleg oppdaterte om innhaldet på ei side på verdsveven. Leverandøren av innhaldet (Fresn) syndikerer ein feed som brukarane abonnerer på. Feeden er eit dokument som peikar til lengre versjonar av innhaldet på veven. Når det kjem oppdateringar på sidene vil feeden automatisk oppdatere seg. Feedar kan distribuerast med ulike teknologiar, dei kan lesast av ulike lesarar og dei kan levere ulike former for innhald (t.d. tekst, bilete etc.).


RSS

rss Fresn sine feedar kjem i ulike variantar av RSS-familien. RSS er basert på markeringsspråket XML (som du ikkje treng vite om, men kan lese meir om på nynorsk Wikipedia).


Kva skal eg gjere?

Det artigaste med RSS er at det er så enkelt å bruke. Alt du treng er ein lesar av eitt eller anna slag.

Fresn-leiinga vil anbefale Opera eller Mozilla Firefox, som har integrert feedane i nettlesaren. Også den siste versjonen av Internet Explorer (versjon 7) har endeleg klart å få inkludert RSS-funksjonalitet. Elles har nokre e-postprogram, som t.d. Mozilla Thunderbird, støtte for RSS. Enkeltståande RSS-lesarar finst også (t.d. Feedreader for Windows og Newsfire for Mac). Dersom du er ein av dei etterkvart ganske mange som har ein gmail-konto, kan du også nytte google sin eigen rss-lesar (eller andre «web aggregators»).

For å abonnere på ein feed treng du berre legge til lenkja til den aktuelle feeden i programmet, og så vil den automatisk laste ned meldingane frå den aktuelle feeden. For å legge til feeden kan du anten

  • klippe ut og lime lenkjene nedanfor
  • klikke RSS-lenkjer (ikon eller tekst) som ligg på kvar enkelt side, eller
  • (i nyare versjonar av nettlesarar) klikke på den oransje lenka til høgre i adresselinja.
I Firefox og Opera vil du (om du klikkar på lenkjene) bli spurt om du vil legge til feeden som t.d. «infokanal» (Opera), «levande bokmerke» (Firefox) eller «feed» (IE).

Ei lita samling RSS-lenkjer frå Fres festivals nettsider

Klikk eller kopier i veg:

For dei som er verkeleg cutting edge, direktelenkjer til samle-straumen: Add to Google Reader or Homepage Add to netvibes Add to flurry

Dette er ikkje ei uttømmeleg liste over alle feedane du finn på vevsidene. Dersom du til dømes berre er interessert i forumet «Leiinga informerer», kan du legge inn adressa http://www.fresn.com/forum/rss.php?9, men det får trass alt vere grenser for kor mykje eg orkar å legge inn her.


Vegen vidare

Når du har teke dei første stega ut i RSS-verda, kan du gå vidare og samle andre nyttige RSS-feedar, og slik gjere cyber-livet ditt så mykje enklare.