Du ser no på ei arkivert side på fresn.com. Denne inneheld materiale om Fres Festival 2006, som gjekk av stabelen i slutten av juli 2006.

Artistar

På denne sida kjem presentasjonar av artistane som skal opptre på Fresn. Lista vil fyllast ut etterkvart som bookingavdelinga får samla inn meir informasjon.

Interstate Intercourse

Kvar har vi komt no? Er vi på danskebåten? Er vi i heisen? Ikkje godt å sei, men musikken talar for seg sjølv. Dette vert glatt, dette vert reint, dette vert meir cheesy enn julebordet hjå Synnøve Finden. Nytast best i neongrønt høgt glas med paraply, stjerneskot and a twist of lemon.

Emancer

Dette vert arty, men ikkje særleg farty. Med si siste skive, den kritikarroste (God, I love that word) The Menace Within, beviste Mithrin at han er klar for å ta steget opp i metaltippeligaen. Maelstrom Ezine skildrar plata slik:

"Using (early) Emperor and Satyricon as the base of their sound, they pepper it with — are you ready for this? — industrial flourishes, carnival breaks, the Mission Impossible theme as a riff, 60's lounge, astral keyboards, robotic voices, Viking chants, prog rock, synth-pop, folk strains, cool jazz, hooks galore, symphonic interludes, spoken word and power metal (and don't forget a melody line from an obscure ninja movie — ed). Guess what? It's still one of the heaviest and unrelenting black metal albums released this year."

Vert det ikkje blastbeats her, vert det ikkje nokon plass.

www.emanceronline.com

The Keikos

Arrgh! Slepp dei fri, slepp dei fri!!!! Eller lag fiskekaker av dei, steik dei i nøttebrunt meierismør og skol dei ned med chardonnay. Ein forrett for heile familien.

Roadkill

Denne rockegjengen kjem direkte ut frå den syndens pøl Sandane i Nordfjord. Vi kan ikkje anna enn undrast over kva fleirårige opphald på ein stad der vinteren går med halvt tempo og traktorane står tre i breidda framfor Prixhjørnet og ventar på sine respektive nattburgarar. Det kan ikkje enda i anna enn samfunnsdestruktiv rawk!!

www11.nrk.no/urort/user/?id=38978

Ola Skarstein Tennes

Han har sjarm, han har gitar, han har semitørr humor. Han kar kort sagt det som trengs for å væra ein class A visesangar. Han kunne kalla seg singer-songwriter, men det finn han for cheesy og lite kredibelt. Med seg i gitarkassen har han eit utval av sine ultrahotte norskspråklege viser. Ola har nemleg kokt i hop ein potent balnding av Dum Dum og Knutsen og Ludvigsen, smakt til med DeLillos og dandert med Tom Petty. Desse råvarene kokar han over open flamme, helst bål, og serverar ilag med kjølig vin, fire vørtirr og to Farris. Vær budd på å finna deg sjølv i lotusstilling, voggande fram og attende som ein annan hippie når Ola trillar ut supre hits som Kongerøkelse på lille julaften, a k a Kongespøkelse på Ulle, og En ensom trøst, sistnemde i fotballkretsar betre kjent som 1 - 1 som tøst.

Kreuzfeld Jacobs

Ettersøkte over heile verda for å ha eksprimentert med biologisk krigføring. Ettersøkte over heile verda for å væra Al Aqsa brigadens lakeiar. Kreuzfeld Jacobs går ikkje dermed av vegen for å riste på rockekamelen på Fres Festival 2006. Kan dette kallast eit terroranslag mot norske mål? Neppe. Med mindre indierock ein britisk hype verdig kan kallast terror. Herom er meiningane delte. Noko det derimot herskar null tvil om er at dette kjem til å rocka vilt. Og kven veit; kanskje er dei kliss nakne under K-senterfrakkane.

Vulva

Etter å ha vore drukna i ambisjonar og låtar bestånde av både didgeridoo og delay (diggielay? red.anm) har Vulva no kasta av seg pretensjonens åk og gjenoppstått, som ein annan fugl føniks, under det nye mottoet "Færre akkordar, fleire pils". Vokalist Øyrehagen, i tospann med miss Selseng, pøsar ut cheesy popmelodiar ein kvar glasheis verdig. Bak dei står det semiorganiske og smått overbefolka poporkesteret Vulva og pøsar på med suggerande rytmar frå alle kantar av galaksen. Stiller dei i i år som i fjor med naken bassist? Ting kan tyda på det. Porno vert det i alle fall.

http://www11.nrk.no/urort/user/?id=11578

Joe Labour & His Union Members

På barrikadane, der kjenner dei seg heime. Joe Labour and His Union Members! Gitarar deira våpen, vreng deira ammunisjon. Den pankontinentale multikapitalen skjelv i sine Armani framfor Joe Labour and HUM. Dei rockar over evne og bangar etter behov. Armert med isfaklar og ei usløkkeleg tørst etter yappeblod går dei til verks fullstendig blotta for kritikk og sjølvinnsikt. Eigedomsretten står for fall, Joe Labour is coming to townah!

Flabbergasted

F to tha L to tha A to tha doubleB R gasted! Kva meir kan vi sei? Kva meir kan vi kreva? Her får vi boyz boyz boyz! Det vert alt vi treng for å mjuka opp i all kredibliteten som føl i kjølvatnet av livespelande rockeband. For dette vert glatt pop med glatte gutar og koreografien frå helvete.

www11.nrk.no/urort/user/?id=4591

Tim Fancy

Tim? Ja. Fancy? Sisitnemde er eit stadig debattert tema. None the less, vi skal naturlegvis lata tvilen komma dei til gode. Bevisbyrda kvilar ikkje på dei som med gitarar og anna i hende forfektar drivande rock i fire flate. Komplett Guitar World (korrekturdesken ved vev-avdelinga beklagar på det sterkaste at ein tidlegare versjon av denne teksten urettmessig henførte Saltes bibliotek til eit konkurrerande gitar-magasin) frå og med `91 årgangen er heller ikkje til å kimsa av. Vi kan ikkje anna enn gleda oss til at Tim Fancy skal heisa sitt flagg over Skuagarden og ta crowden i si rockemakt. Magnar, Vegard, Øyvind og Øyvind; jau , dei er nok litt fancy ja.

www11.nrk.no/urort/user/?id=5392

Lommehund

Ahhhhhr. Her er dei igjen. Dei kan ta alle påstandar om at ei gjenforeining av Lommehund er umogleg og turka seg i rektum med, for her er dei igjen! Lommehund, dette fenomenet som herja på det aller verste med skiva The groove of a new millennium. Denne skiva vart forøvrig slakta i den kulørte vekepressa i Sogn indre av ingen mindre enn Bjørn Erik Pedersen, som forøvrig var med å produserte plata, so kom ikkje her å påsta at Sogndal er ei lita bygd! Med fænsi Øyvind "kviforkanikkjeegværeslashdå?" flying V Salte på gitar og Gunnar "Biohazard" Husabø på trommer kan lite eller ingenting gå gale. Det er sjølvsagt fleire medlemmar i dette høgpotente rockeensemblet, men dei er i ei slik grad innhylla i mystikkens skodde at det ville væra direkte okkult å lefla med deira identitet. So kjære festivaldeltakar, lock up your daughters, Lommehund inntek festivalområdet!

Eirik Myhr

Du trudde kanskje singer-songwriterens æra gjekk mot slutten. Der tek du skammeleg feil! Du ja! Eirik Myhr kjem til Fresn for å bevisa at den påstanden står for fall. Det herskar liten eller ingen tvil om at gostemningen vil senka seg over festivalområdet når Myhrik ilag med sine medsamansvorne (kven desse er er omdiskutert på intern2ett, men buzzn på gata snakkar om at Myhrik har kontaktar langt opp i sølvaste festivalleiinga) entrar scena for å gje Skausgarden ein god dose feinsmekkerpop. Ein skulle nesten tru han var frå Bergen. Han er frå Ringebu.

www.eirikmyhr.com

Trondheim Bop Trio

Trondheim Bop Trio are also available for weddings and parties.

Andre Fresnartistar

Vil snarleg oppdaterast:

Sjå også:
Jocko Records
Kjell Einar Barsnes

...gå til toppen av sida