Du ser no på ei arkivert side på fresn.com. Denne inneheld materiale om Fres Festival 2007, som gjekk av stabelen i slutten av juli 2007.
Sjå programmet, for å finne ut når artistane skal opptre.
- Glad sumarpop frå regionen og omegn. Starta si verksemd som poporkester for eit par år sidan, og er kanskje mest kjende for låta "Sweet July".
artisten si heimeside
- "Lærdalspunk med noko attåt" som Helg og Kvardag uttala i anmeldinga av den ukristelege hidningapunken Beinkjør sparkar ut gjennom forsterkarane. Ta med ekstra skinnjakke!!
artisten si heimeside
Etter å ha tilbragt dei siste seksten somrane i isolasjon på (i?) Spavang, ein plass so langt opp i Lærdalsdalen at vatnet frys til is midtsommars, kjem The Spavang Band denne sommaren til Fres for å dra på med frekk country for folket. I tillegg kjem Black Eyed Suzie, ein halvtime for seint, for å krone det heile med herleg saloon style vocals. Bring your six shooter hun!!
Bombeklüchter- Meir hidningapunk, denne gongen frå Systrond Rock City. Bombeklüchter er attende etter fjorårets trygge Fres.
Båååv- Kan du tru det?? Endå meir Systrondspunk!! Me treng ikkje seie meir...
artisten si heimeside
- Canoon spelar ballerock/kukrock/kukkrock, med innslag av fyll, deira stamtavler viser at dei har finfine gner. Dei er frå Kolbotn, dei er bra, kom og høyr.
artisten si heimeside
Synth og pop møtes på ein liten italiensk kaffibar i Stockholm. Dei blir romantiske, og kjærleiksbornet Diffusion vert fødd. Dette vert frekk synthing på høgt niveau! Kven som er med i dette bandet er det ingen som heilt veit.
Geir Berstad SandeGeir spelar støyrock. Han er broren til Magnar, kjent for akvariet. Vi trur han er singel, jenter, kanskje litt langt hår og briller, men la det stå til.
Hegg/Minothi Duo- Prisvinnarar og alt.
meir info frå Nyhende
Den arbeidande mann sin frelsar er attende med frekke rockevåpen i hand! Joe Labour & HUM rockar til den siste kapitalist er ekpropriert! Her vert det mainstream heilerotisk posørrock for heile gjengen på golvet! De e 100 000 rett inn på konto deh!!
Verket verket here we go...
Klagemur er eit poppetirock band med ingen ringare enn jovialgeneral Ola Skarstein Tennes i spissen. Dette medfører låtar som treff einslige og korpulente menn midt i 20-åra rett i hjartet som ein slegge. Det hele foregaar paa riksmaal, noko som igjen medfører fråværande kor frå trommeslager Aleksander Rallé Vilnes og bassist Harald Breiminje Sandal då dei båe har nynorsk som hovudmål. Like fullt smeltar kulturskildnadane saman til et livlig stykke rock med drypp frå både pønken og mors viseklubb på 70-tallet.
Klagemur måtte kansellere, grunna pålegg frå arbeidstilsynet.
Hæ? Har ikkje han teke kvelden, God rest his soul? Sjå betre etter, kjære festivaldeltakar. Kornelius Fresvik er her for å opna Fres Festival 2007, og ikkje eingang sjølvaste festivalleiinga er har høg nok sikkerheitsklarering til å vita kva Kornelius Fresvik stiller opp med som fyste band ut. Heng med!
Mistur- Mistur, som gjorde ein hardslåande konsert på årets Støy festival i Sogndal, vil no legga seg i hard kommandotrening ein fjøskjellar i Amla ein plass. Eit must om du har svart hår.
artisten si heimeside
Psycloned er frå Solvorn, og spelar psy. Kom til Fresn for å høyre kva det er. Gå til psycloned si heimeside for å lesa meir.
RoadkillRoadkill var ein stor suksess i fjor, og dei har lova å koma attende og skapa amerikanske tilstandar også ved årets festival. Denne gongen kjem bandet i duo-versjon, utan at dette på nokon måte forringar dei musikalske og scenemessige kvalitetane til bandet.
artisten si heimeside
Ein kjekk ung mann som rundhanda delar ut viser, jovialitet og godstemmning. Alt pakka inn i den frekkaste av mannekroppar! Ola om seg sjølv: - Med gitar og en legendarisk jovialitet leverer Ola låter som treffer enslige og korpulente menn midt i 20-årene rett i hjertet som en slegge. Det hele foregår på riksmål. Sjekk ut Ola sin kropp på Myspace
PonasPonas kjem frå Oslo og spelar elektronika med snirklande melodiar og artige rytmar, det meste av det dansbare slaget. I morgon reiser han på ferie, men han er attende til Fres Festival. Hurra!
Sjekk Ponas sin Myspace her!
Dette er to blad Bøthun som gjer det godt for bygda si. Det vil seie Fresvik. Dei spelar truleg melankonsk poprock.
SchteinhardDei er attende, dei er frå Kaupanger, dei spelar hard rock, Breilid er deira spydspiss, dei har inga heimeside eller myspace dei avsluttar alle låtar likt, dei er... Schteinhard!
Vi gler oss!
Eit blackmetall band frå Bergen seier du? Nei, ein H unna i bokstavering, og eit hav unna i musikkstil. Torkjel Solbraa er i spissen for dette utvilsamt freidige bandet. Ein ikkje namngitt ung mann frå Øppstn har følgjande å sei om Thaake: "Bli med til eit draumeland der unge lovande Solbraa teiknar oss inn i eit landskap av optimistisk melankoli. Med seg har han eit draumlag, den perfekte samansetninga av folk, beståande av Øyvind Hegg-Lunde på trommer, Gunder Valle på tangentar, Håvard Øyrehagen på gitar, mandolin og ooooing og Andreas Stensland på ooooing."
Tim Fancy! Eit band som alltid leverer! Men kva leverer dei eigentleg? Soppstuing? Neinei. I følgje gitarist og generell good guy Øyvind V. Salte leverer dei solid rock n'roll med beats, riff og melodiar. Dette vel dei å levera direkte ad trommer, bass gitar og vokal, og skal vi tru Nyhende, og det skal vi vel, med eit smil og det heile. Now that´s rock n´roll! Ta med plaster.
Sjekk ut Tim Fancy på Myspace.
Hæ? Dei der frå ytre sogn? Neinei. Dei er frå indre. Trudde du at du hadde høyrt alt av rock på sogning? Vel, tru om att! Tyyl! er nyaste skot på stammen, men står ikkje attende for dei andre av den grunn! Her er det medlemmar frå både Creutzfeldt Jacob og smått legendariske Hieronymus Bosch. Lån dei eit øyre so skal få høyre dei foten inn i ditt øyre køyre.
Uganda Sound RevolutionUganda Sound Revolution er eit band frå Hamar. Hamar er ein by i Hedmark Fylke og er kvart år heilt sikker arena for ein eller anna marknad som heilt sikkert heiter eitelleranna martn. Forøvrig kan Hamar skryta av å ha eit ishockeylag som hevdar seg på nasjonalt niveau; Storhamar. Andre claims to fame for Hamar sin del er Vikinskipet, arena for ein årviss samling av cola, garndis og ein ekstrem mangel sex appeal. Detta bli sjef!
Uganda Sound Revolution har trekt seg frå programmet, grunna ærleg arbeid.
Skal ikkje desse tidlegare lovande ikkje lenger spesielt ungdommelege folka snart gje seg? Det kan sjå ut til at vi må ta nok ein runde med triveleg pop, frekke dansetunes, småteite tema med høg setta-seg-på-hjernen-faktor og notestativ! Vollllllvaaaaaaaaaa!