Du ser no på ei arkivert side på fresn.com. Denne inneheld materiale om Fres Festival 2008, som gjekk av stabelen i slutten av juli 2008.

Artistar!

Kids In The Heat

Kids In The Heat

Direkte frå, ja kven veit eigentleg, kjem Kids in the Heat for å ta deg med på ei puddelreise attende til 1986. Med høg allsangfaktor og glamudyret Jocko, mannen som med sitt Jan Thomas-skjegg og veldefinerte overkropp får han gjøken i WigWam til å verke like glamorøs som eit offentleg toalett, i spissen kjem dette til å verte vill partystemning. Faren for at Kids in the Heat dreg fram stadionriff på stadionriff er overhengande når Kids in the Heat for første gong står på ei scene i Fresvik. Ninjas of Glam Metal!! Go Wildcats etc!!
Sjekk ut Myspacen deira her: www.myspace.com/kidsintheheat

Roadkill

Roadkill

Endlege attende på Fres si mektige hovudscene. Roadkill var med oss i fjor og, men då «berre» i ein nedstrippa versjon på campstage. Dei røynde blant festivalgjengarar i blant oss hugsar heilt sikkert Fres 2006, då Roadkill leverte stilsikkert frå det som den gong var hovudscena. Fres Festival ønskjer James, Betty, Suzie og E-Elmer god tur frå Missisippi, California (?) og hjarteleg velkomne attende til Fresvik, der dei skal få lov til skjemma vekk Frespublikumet med støvete redneckrock med full testilkkelgaranti.
Kolla Myspacen deira her www.myspace.com/roadkilldx

Eliminova

Eliminova

Heilfrekk trioprog frå innaføre, eller som dei sjølve likar å presisera det; Eliminova is a progressive rock band from Sogndal, Norway. Ja, vi skal vel ikkje krangla på det. Det som er heva over tvil er i alle fall at det vert febrilsk einarleiting når Eliminiova entrar scena på Skausgarden. Vi gledar oss i fleng!
Span Myspace her www.myspace.com/eliminova

Kaos-Martin

Kaosgenerator

Direkte inne frå det fertile pønkemilieuet på Systrond! Kaosgenerator spelar pønk med stor Ø! Kaosgenerator er so garasjete at det vanlegvis sprutar fastnøklar (hovudsakleg 10 og 12), skrutrekkarar og trimsett ut av PA og backline når dei dreg på. Dette er med andre ord ikkje noko for fjes som likar Minor Majority, then again, det er det jo ingen som gjer. Ævvdønn leiiar an! Bring your own riot gear! Les meir i Nyhende.

schteinhard

Schteinhard

For tredje år på rad! Dette er ikkje grunna ei slepphendt bookingavdeling på Fresn, men fordi festivalen neppe ville vore det den er utan rockeudyret Schteinhard. Ingen rock er som mopedrock. Les meir i Nyhende.

emancer

Emancer

Endeleg attende på Fres Festival. Emancer er nyss ferdige med si nye skive Twilight and Randomness, og tek i den anledning turen til Fresvik siste helgi i juli for å overause publiken med drivande frekk industriell metall. Denne gongen med fullt band. Kan vi metallgleda oss meir? Neppert. Vi growlast på Fres! Sjekk ut emancer.net.

My Parents' House

My Parents' House

Frå MPH sitt presseskriv: My Parents' House er eit lite poporkester frå Bergen og Balestrand. Saman prøver dei å trylla frem noko som må kunne kallast ein fin heimelaga type musikk. Sjølv om skranglefaktoren er høg er det ikkje mangel på estetisk finesse i songane deira. Dei har ikkje mykje sceneerfaring, men dei har ein god del pedalar som dei legg igjen heime.
Vi gler oss. Du kan lesa meir i Nyhende

Postmann

Postmanm 4Ever

They are postmen. Forever. Meir er det ikkje å sei om dette bandet. Nyhende har meir.

Bombeklüchter

Bombeklüchter

Useriøs trio frå Systrond. Dei skryt på seg at dei spelar punk, men eigentleg er det ein slags rock. Dei likar å skildra sosialrealistiske problemstillingar. Einaste band som har spelt på samtelege Fresar. What gives?? Sjå Nyhende og Myspace.

Ponas

Ponas

Ponas er ein jovial fyr som spelar jovial elektronika, noko som passar bra på ein festival som er sopass jovial som Fresn. Nyhende og Myspace har meir.

Genianalus

Genianalus

Genianalus har sendt inn presseskriv til Fres Festival. Det var lurt av dei, og her kjem det:
Sogn og Fjordane punk på sitt mest seriøse, eigentleg ikkje meir og sei, permanent!!! Bandet skal, etter krav frå ein anonym medlem i studio sommaren 08 for å lage oppfølgjaren til det spellemannsnominerte første albumet «God Damn Motherfucker». Musikken handlar fortsatt om kjærleik, lange turar på stranda i måneskinnet, 14 år gamle transvesittar og ellers det som rører seg i underliv. Dette blir Genianalus første konsert på over 1 år og gutane tykkjer Fresn er stas, så for å gjere konserten spesiell, vil dei i tilegg til å spele nye sangar, covre dei 14 første Frank Zappa albuma i sin heilheit.
Ta ein tur innom Genispacen eller sjekk ut heimesida deira her: www.genianalus.com

Monica Eide

Monica Eide

Monica Eide kjem like frå Bergen, eller like i nærleiken, med ein koffert full av akustisk so vel som melodramatisk, men likevel populær folk! Dette vert storveges!
Ta ein tur innom Myspacen til Monica her: www.myspace.com/monicaeide

The Generous Days

The Generous Days

Same shit, new wrapping! Med nytt namn, kven gløymer vel popbandet Automobil frå i fjor, er desse joviale gutane attende med smektande poplåtar som kjem til å matcha sommarsola i Fresvik perfekt. The Generous Days kjem til Fresvik meir eller mindre direkte frå Liverpool so vel som Luster for å overøsa den sommarstemde publiken med lekre melodiar og blomstrete refreng! Ta med paraplydrink!
Sjekk ut The Generous Space her www.myspace.com/thegenerousdays

band

Psycloned

På grunn av ein intern kommunikasjonsfeil, datt Psycloned ut av fjorårets program. No er han tilbake, med DJ-ing frå storescena på laurdagen. Sjå www.psycloned.com.

live at the moon

Live at the Moon

Live at the Moon har ein låt som vart kåra til årets nettlåt av Sunnmørsposten. Treng vi seie meir? Sannsynlegvis ikkje, for de kan lese meir på urørt-sidene deira.

The Big Almost (S)

The Big Almost (S)

Om The Big Almost er ikkje so mykje på det reine, utover at dei er ein trio, kjem frå utlandet, Gøteborg, spelar frekk indie-pop-impro, og at dei har med seg eit ekstra vitalt ledd i form av Øyvind Hegg-Lunde på trommer. Mange vil kanskje påstå at Øyvind Hegg-Lunde ikkje er svensk. Desse kan vurdera kor vidt dei meiner RBK er eit norsk fotballag. Impro til folket!! Les meir i Nyhende

canoon

Canoon

Kølabånns store søner har no fått fullt sett med døtre og søner, og tek i den anledninga turen til Fresvik og Fres Festival for nok ein gang å daska sine blytunge ballar mot publikum. Ver budd på breibeint rock, øl i barten og stor stemning! Sjekk ut Canoon-spacen og les i Nyhende.

Tyyl!

Tyyl!

Jeggu ha Tyyl! og sendt inn eit presseskriv. Her kjemme da i ei nesten ikkje redigert versjon:
Om du trudde rocken var daud og at saftn var gått ut av Tyyl!, hadde du nesten rett. Keith Richards er berre ein skugge av seg sjølv og Håvard Øyrehagen trudde lenge at Tyyl! skulle døy i lange smertefulle drag då primus toar, Torkjel, flytta til Stavanger for å leite etter gull. MEN, dei er attende. Sterkare, råare, tøffare ja rett og slett betre enn før. Dei har endåtil spelt inn ein EP og har sleppfest på Fres! Gled deg til årets fyrverkeri av ein Tyyl!-konsert for første gong med originalbesetning, som forøvrigt består av Torkjel, yrehagen, yvi og landsem!
Sjekk ut Tyyl!spacen.

The Barrels

The Barrels

Støy-affiliert band, rockete rock. Anbefalt av Øyvind Salte. Sjå Nyhende.

...gå til toppen av sida