Det aller mest grunnleggande du treng å vita om Fres Festival.
- Fres Festival er ein musikkfestival som vert arrangert siste helga i juli på garden Skau i bygdi Fresvik i Vik kommune i Sogn på vestlandet. Musikken spenner frå svartmetal til impro, men hovudvekta er på rock og pop.
- Alle som vil kan komma på Fres Festival, berre dei er myndige jamfør Norigs Lover.
- Billetten kostar kr 200,- og kjøpast ved ankomst festivalområdet. I billetten er alle konsertar, overnatting på campen samt komplimentert fjordbad inkludert.
- Du vil finne det glupt å ha med deg følgjande på Fres Festival.
- Telt, til ovenatting.
- Alt du treng for ei helg innan mat og drikke. OBSOBS! Fres Festival har ikkje sjenkeløyve. Ta med øl i posen sjøl! Du vil og finna at det er langt billegare enn 62.- kr for kjipkjipe 0,4 beger, Øya style! Derimot stiller vi med kommunal grill. Ta med kjøt!
- Kontantar. Det er vanskeleg å få fat på kontantar i Fresvik, ta difor med nok cash til billett og ikkje minst til å sikra deg ei heilfrekk Fres T-skjorte eller anna nasty merch!
- Ein trygg Fres er ein god Fres. Ver snill og grei.
Er det ellers noko, sjå faq eller send ein mail til faq@fresn.com.
P.S. Fres Festival er registrert i einingsregisteret som foreining, med organisasjonsnummer 991 284 303. Berre så de veit det...
Talk to me!
For å kontakte leiinga av Fresn -- for t.d. praktiske spørsmål, ros, fan-brev, ynskje om booking, eksklusive intervju og så bortetter -- er det enklast å ta kontakt via e-post eller foruma.