Det aller mest grunnleggande du treng å vita om Fres Festival.

  1. Fres Festival er ein musikkfestival som vert arrangert siste helga i juli på garden Skau i bygdi Fresvik i Vik kommune i Sogn på vestlandet. Musikken spenner frå svartmetal til impro, men hovudvekta er på rock og pop.
  2. Alle som vil kan komma på Fres Festival, berre dei er myndige jamfør Norigs Lover.
  3. Billetten kjøpast ved ankomst festivalområdet. I billetten er alle konsertar, overnatting på campen samt komplimentert fjordbad inkludert.
  4. Du vil finne det glupt å ha med deg følgjande på Fres Festival.
    • Telt, til ovenatting.
    • Alt du treng for ei helg innan mat og drikke. OBSOBS! Fres Festival har ikkje sjenkeløyve. Ta med øl i posen sjøl! Du vil og finna at det er langt billegare enn 62.- kr for kjipkjipe 0,4 beger, Øya style! Derimot stiller vi med kommunal grill. Ta med kjøt!
    • Kontantar. Det er vanskeleg å få fat på kontantar i Fresvik, ta difor med nok cash til billett og ikkje minst til å sikra deg ei heilfrekk Fres T-skjorte eller anna nasty merch!
  5. Kafresn serverer varme og/eller kalde rettar opptil fleire gongar om dagen. Mellom anna:
    • Tuftebaggis
    • Andre matrettar
  6. Ein trygg Fres er ein god Fres. Vær snill og grei.

Er det ellers noko, sjå faq eller send ein mail til faq@fresn.com.


P.S. Fres Festival er registrert i einingsregisteret som foreining, med organisasjonsnummer 991 284 303. Berre så de veit det...

Talk to me!

For å kontakte leiinga av Fresn -- for t.d. praktiske spørsmål, ros, fan-brev, ynskje om booking, eksklusive intervju og så bortetter -- er det enklast å ta kontakt via e-post eller foruma.

...gå til toppen av sida