FAQ

Spørsmål og svar om Fresn.
Når går dette heilfrekke arrangementet av stabelen?
Fres Festival 2007 går av stabelen fredag 27.juli og varar til søndag 29.juli. Siste helga i juli er ein grei hugsregel dei som lett gløymer datoar.
Kvar er dette Fresvik?
Fresvik er lokalisert på sørsida av Sognefjorden, knappe to mil aust av det famøse ferjeleiet Vangsnes.
Korleis kjem eg meg til Fresvik?
Frå Bergen: Køyr bil til Voss, vidare over Vikafjellet forbi Vangsnes og Feios og vips er du i Fresvik. Er Vikafjellet av ein eller anna grunn stengt er det antakelegvis midt på vinteren , isofall tek du til høgre på Vinje og køyrer Gudvangen, Aurland Lærdal, ta ferje over Fodnes - Mannheller, fortset til Sogndal og følg nordsida av Sognefjorden forbi den høgt utadanna Systrondsbygdi til du kjem til Hella, Køyr ombord i ferja, køyr i land på Vangsnes og fortset dei knappe to mila austover og vips er du i Fresvik. Eventuelt; ta Fjord1 Fylkesbaatane sin eksperssbåt frå Strandkaiterminalen til Vangsnes, få haik med nokon som køyrer knappe to mil austover og vips er du Fresvik.

Frå Oslo: Køyr ring 3 vestover mot Sandvika der du tek mot Hønefoss. Hald fram i retning Flå, Nesbyen og campingparadiset Gol, passer alle desse, køyr gjennom Hemsedal, over fjellet og ut Lærdal. Ta til venstre ved Håbakken, og nyt turen gjennom verdas lengste hol, Lærdalstunnelen, til Aurland. Køyr i retning Bergen til du kjem til Vinje, der du held fram over Vikafjellet (som om du kom frå Bergen). Dersom du ikkje likar tanken på å vitja Hordaland fylke, kan du i staden reise rett forbi holet, mot Fodnes og ta turen forbi den høgt utdanna Systrondsbygdi (sjå den alternative ruta frå Bergen).

Frå Trondheim: Køyr E6 sørover til Otta (eventuelt ta den pittoreske snarvegen Sel-Vågåmo), køyr mot Lom og vidare over Sognefjellet (og nyt fjellandskapet ved Nord Europas høgaste fjellovergang - 1430 moh) til Luster. Følg den smale vegen i retning Sogndal (ta gjerne ein rast ved Pyrrisen i Gaupne) og vidare utover mot den høgt utdanna Systrondsbygdi etc.

Frå Tromsø: Flytt til Oslo, Bergen eller Trondheim og sjå ovanfor.

Melding til kollektivreisande: Du har gjort eit klokt val om du vel å reisa kollektivt. Det kan nemleg verta trangt om plassen på Fresn-parkeringa. Det går buss fra Vik (korrespondanse fra Bergen og Voss) fredag ettermiddag. Kvar fredag går det buss Vik - Vangsnes - Fresvik klokka 15.45. Det går også ein buss frå Vik klokka 20.05 mot førehandstinging. Om det er interesse for å ta denne bussen, kan de ta kontakt med festivalleiinga eller ringe Fjord1.

Rutetider og telefonnummer finn du her!

I tillegg går det rykter om båtruter til Fresvik. Fres-leiingi er på saka, og vil halde dykk oppdaterte. (Takk til Rabbi, som tipsa oss om mogelegheiter for kollektivtransport.)
Kva kostar inngangsbilletten?
Denne kostar latterlege 200 flis (les sak om prisauke i Nyhende) og gjev adgang til alle konsertar samt overnatting på campen.
Kven kan koma?
Alle som vil. Alle som etter norsk lov er gamle nok til å leska seg sjølve med kaldt gyllent pilsnerøl.
Kva skal eg ta med?
Telt. Øl. Mat. Cash/kontantar (då vi ikkje tek kort, det er ingen minibank i Fresvik, samt at bui, i tillegg til å stengja kl eitt, moglegvis ikkje har ekstremt mykje kontantar).
Kan eg eta/oppbevara tofu?
Nei.
Kva artistar/band kan eg oppleva?
Lista over band som kjem på Fres Festival finn du her. Denne lista vert kontinuerleg oppdatert.
Kva fasilitetar kan Fresvik tilby?
Fresvik kan by på fotballbane, kyrkje, kai, Fresvik Produkt, kafe med utepils, venterom, butikk samt ein årviss festival, Fres Festival, som er der du kjem til å opphalde deg i staden for alle plassane nemnt tidlegare i denne lange og noko merkeleg konstruerte og smått transenderande setninga her.
Kor lenge får vi lov til å vera oppe?
Til 23.15.
Får vi mat?
Ain't no such thing as a meal that's free. Detter gjeld og for Fres Festival 2007. Ta med din eigen vel! Det vi derimot kjem til å stilla med er rikeleg med grillar slik at folk kan få anledning til å grilla E-Colien ut av sine respektive Gildeprodukt eller kva anna ein har tenkt å grilla. Hugs for all del å ta med mat, festivallivet krev sin mann og Gunnar Husabø kjem i år neppe til å halda alle festivaldeltakarane med spekeskinke og honningmelon.
Får vi pilsnerøl?
Nei. Fres Festival er i stor grad ein b.y.o. festival. Du t.d. sørga for å ta med deg eige publikum dersom du spelar i band. Kjøp difor med ditt eige øl frå Melåsbui på Syrstrond. Øl er å få kjøpt på bui i Fresvik og, men denne stenger klokka eitt på laurdagar og har ein tendens til å verta utseld for øl. Ver difor på den sikre sida og kjøp med rikeleg, slik at du i tillegg får gleda av spy ut ditt eige samt naboens telt.
Kvar skal vi sova?
Er du blant dei som finn det heilheitleg å sova på festival, skal dette gå føre seg i telt på campen.
Er det lov å dela telt?
Ja.
Er det lov å klatra på siloen med livet som innsats?
Siloen har rast saman; ergo går det ikkje an å klatra på han. Det er til ditt eige beste.
Kva er ein poll?
Kort innføring.

Dette er, etter undersøkingar gjennomført av IT-avdelinga og statistikkavdelinga på Fresn - høvesvis FresIt og FresSB, noko svært mange (77 i skrivande stund) lurar på. Ein poll er ei måling av kva folkesetnaden, i vårt fall representert ved festivaldeltakarar, meinar om foreliggande kasus, sak, hending etc. Dette gjer ein (og med ein, meiner vi firma som til dømes Synovate MMI eller FresSB) ved å stilla eit spørsmål til eit utval av folkesetnaden (les festivaldeltakarar). Dette utvalet av folkesetnaden/festivalddeltakarane kallar ein gjerne ein sample (for å få litt engelsk schwung over det). Kort og godt, ein poll skal måla kva folk meinar om det pollen har som mål å måla. Kva no det enn måtte være. Ein vil òg gjerne sleppe å gå rundt å spørja kvar jævla ein.

Kort historikk.

—Den fyrste poll eg høyra fekk, var mor sin poll ved vogga.
Øyvind V. Salte, statistisk ansvarleg, Fres Festival 2006

Den fyrste pollen i historia skal visstnok ha vorte gjennomført av avisa The Harrisburg Pennsylvanian i 1824, og skulle måle kven som vann preisdentvalet i USA det året. Det er neppe ei tilfeldigheit at den fyrste pollen nokon gong skulle handla om politikk. Det har nemleg fleire pollar gjort etter den. Pollane, som til å byrje med var mindre enn pålitelege, skulle etterkvart greie å måla kven som vart president i USA før valet var over. Det er kanskje av pubquizinteresse for nokon at han som starta med ein meir vitskapleg metode for sampling, ikkje den musikalske meininga av ordet, men utvelging av eit utval av folkesetnaden, heitte George Gallup...

Metode.

Når ein skal gjennomføra ein poll, stiller ein som sagt eit spørsmål til folkesetnaden. Men for at ein skal sleppa å spørja alle om kva det måtte være spørsmal om, plukkar ein heller ut eit utval, ein sample, av folkesetnaden som skal represntera denne. Dette utvalet må difor stå i forhold til folkesetnaden den skal representera. Det prosentvise talet veganfiskarsamar t.d., må vera likt i utvalet som i folkesetnaden (eller - skilnader mellom fordelinga i utvalet og i folkesetnaden må vera tilfeldige, ikkje avhengige av utvalsmetodane). Heri finn ein òg det metodisk svakaste punktet i pollen si evne til nøyaktig prediksjon. Ting tyder nemleg på at det fins persontypar som set større pris på ein poll enn andre persontypar. Utvalet kan dermed verta mindre representativt for den folkesetnaden det skal representere, eit skeivt og tendensiøst utvalg, som det heiter, og pollen sin sanningsgehalt vil minka. Det kan også hefte reliabilitetsproblem ved ein poll dersom måleinstrumentet (hypotetisk sett eit php-script på ei internettside) tillet dei same brukarane å stemme fleire gonger.

Kjelde Wikipedia

Hva er en raider?
Ein raider (eigentleg "rider" (eng.) - på norsk formelt sett ein "tilleggsbestemmelse" eller ei påteikning til ein kontrakt) er betegnelsen på dei tinga ein artist krever frå arrangøren. Desse tinga skal befinna seg på back stage når artisten ankjem konsertstaden. Om du er ein flisespikkar kan vi sei at raideren og er det arket/heftet der desse krava er nedskrive.
Hvilke begrensninger finnes det i raiderpunkter, utover tofu-forbudet?
Kva du vel å setja på raideren din om du skal spele på Fres Festival er det kun fantasien som set grenser for. Kva du faktisk får når du spelar på Fres Festival er det kun Leiinga som set grenser for. Denne grensa er rekna for å væra ei av dei lågaste målbare grensene I verda.
Kan man sette opp "Raider" (nå kjent som "Twix") på raideren?
Det må ein gjerne gjera. Syner ellers til punktet ovanfor.

Har du spørsmål som ikkje er besvarte her? Send ein mail til faq@fresn.com.

...gå til toppen av sida